5.500 kroner i forelegg om du køyrer her

Snaue 100 meter av Almenningsvegen i Bismo har nå vorte «motorfri». Politiet varslar forelegg på 5.500 kroner om skiltinga ikkje blir fylgd.

Forbodsskilt: Det er ikkje lov med motorisert køyrety forbi Skjåk barne- og ungdomsskule i Bismo. Politiet varslar reaksjonar om skiltinga ikkje blir fylgd.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Nyleg kom trafikkskiltet «Forbode for motorvogn» opp ved den kommunale vegen i Bismo. Strekninga det er prat om er 95 meter lang, forbi Skjåk barne- og ungdomsskule.

Jonny Gundersen i politiet i Ottadalen fortel at forelegget for å ikkje fylgje denne type forbodsskilt er 5.500 kroner.

– Folk kan vera trygge på at skiltinga vil bli handheva, for her har kommunen gjort alt rett i høve vedtak og skilting. Om politiet ser at skiltinga ikkje blir fylgd, vil det bli skrive ut forelegg, forsikrar Gundersen.

Han fortel vidare at det er ein grunn til at skiltet er sett opp der det er, og at trafikantane bør tenkje på konsekvensen av å ikkje overhalde skiltinga.

– Det er ikkje forelegget som er det verste ved å køyre her, men heller trafikktryggleiken til ungane, seier Jonny Gundersen.

Forbodet gjeld ikkje buss og varetransport til skulen.