Holø har bestemt seg

Vil Bjarne Eiolf Holø stille som ordførarkandidat for Lom Sp for tredje gong?

Har konkludert: Lomsordførar Bjarne Eiolf Holø har varsla nominasjonsnemnda i Lom Sp om det han har bestemt seg for.  Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Det vil han.

– Eg var innom mykje ulikt før eg kom fram til den avgjerda. Eg har tenkt på kva eg har fått til og kva eg ikkje har fått til – og eg har stundom tenkt at det vil bli godt å trekkje seg ut av politikken, ta det litt meir med ro og få tid til private prosjekt. Etter å ha lagt både pluss og minus på vektskåla, landa eg på at eg ynskte å takke ja. Nyleg varsla eg nominasjonsnemnda i Lom Sp om den konklusjonen, fortel lomsordføraren.