NRK byr på lokal sakte-tv denne veka:

Galdhøpiggen minutt for minutt

Torsdag denne veka sender NRK turen frå Juvasshytta til Galdhøpiggen direkte – minutt for minutt.

Programleiarane: Torsdag byr NRK på sakte-tv, når dei sender turen til Galdhøpiggen minutt for minutt. Frå venstre: Ivar Arne Nordrum, Ragnhild Moen Holø, Even Lusæter og Terje Gording Hong.  Foto: NRK Hedmark og Oppland

Nyheiter

NRK har hatt stor suksess dei siste åra med sine mange sendingar av konseptet sakte-tv.

Torsdag kan tv-sjåarar oppleve turen opp på Noregs tak minutt for minutt.

– Vi startar på Juvasshytta klokka 09.30, og sender fram til vi har studert utsikta frå toppen både lenge og vel, seier journalist og programleiar i NRK Hedmark og Oppland, Ivar Arne Nordrum.

Gjennom turen torsdag skal NRK mellom anna prate om klima og turisme, møte folk som har sitt daglege virke i fjellet, følgje folks veg til toppen, og få nær kjennskap til korleis turen til landets høgaste punkt artar seg.

Ivar Arne Nordrum opplyser til Fjuken at turen blir sendt direkte på NRK2, og på NRK sine nettsider.