Vil byggje rasteplass i betong på Russtangen

Statens vegvesen ynskjer å byggje ein platting i støypt betong på Russtangen i Sjodalen. Toalett er ikkje med i planane.

Russtangen: Rasteplassen på Russtangen er mykje brukt. Rådmannen i Vågå instilller på at Statens vegvesen får dispensasjon til å byggje ein platting i støypt betong på plassen. Rådmannen meiner vegvesenet i si planlegging må ta høgde for at det seinare kan settast opp eit toalett på rasteplassen om det skulle vise seg nødvendig ut frå framtidig bruk av staden.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Rådmannen i Vågå går inn for å gje Statens vegvesen dispensasjon for opprusting av rasteplass på Russtangen. Saka skal opp til behandling i hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning fredag 31. august.