Klagar på stadnamn

Fleirtalet i Lykkjegrenda på Lalm meiner stadnamnet er feil og vil endre dette til Liagrenda.

Feil namn: I 2012 vedtok Vågå kommune at grenda opp for Eidefoss på Lalm skal ha namnet Lykkjegrende. Dette er ikkje fleirtalet av oppsitjarane i grenda samde i og vil ha endra namnet til «Liagrende».  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Stadnamnet Lykkjegrenda skal nå vurderast for ny politisk behandling.

17 personar har skrive under på ei klage på stadnamnet «Lykkjegrende» til Vågå kommune.