– Også husmenn var viktige for samfunnsutviklinga

Også kunnskapsrike og driftige husmenn kunne ta ei aktiv rolle i bygdesamfunna på 1700-tallet, konkluderer Mette Vårdal. 14. september disputerer ho for doktorgraden sin om relasjonar mellom embetsmenn, bønder og husmenn i Vågå på 1700- og 1800-talet.

Doktorgradavhandling: Mette Vårdal har i si forsking sett på dei moglegheitene husmennene hadde, og funne at dei hadde eit langt større handlingsrom og meir aktiv deltaking enn ein tidlegare har trudd.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Mette Vårdal disputerer 14. september for doktorgrad ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Ligesaavel i Vadmel som i Fløiel. Uformelle relasjonar mellom embetsmenn, bønder og husmenn i Vågå cirka 1745-1844.»

Avhandlinga er del av det strategiske høgskuleprosjektet «kulturperspektiv på møtet mellom embetsmenn og bønder» ved Høgskolen i Volda.

I sin doktorgradsavhandling har Mette Vårdal teke utgangspunkt i Vågå i perioden 1745-1844.

Ho har studert liva til soknepresten Johan Storm, bøndene Torstein og Ivar Håkenstad og husmannen Bersvein Hansen. Dei har alle etterlate seg store samlingar med private brev og dokument.

– Dette er eit unikt kjeldemateriale. Det er sjeldan at det finst slike brev etter alle tre gruppene, og at personane kjente kvarandre, skreiv om kvarandre og samarbeidde, seier Mette Vårdal.

Også kunnskapsrike og driftige husmenn kunne ta ei aktiv rolle i bygdesamfunna på 1700-talet, konkluderer Vårdal.

Ho seier at saman med embetsmenn og bønder, kunne husmenn utgjere ein lokal samansett elite. Dette var personar som var viktige for lokalsamfunnet. Dei tolka påbod og endringar, anten som motstandarar eller pådrivarar, og hadde mykje seie for konfliktnivå og løysing på forskjellige oppgåver lokalt.

Tidlegare forsking har i stor grad handla om husmenn sine avgrensa ressursar og rettar, og deira vanskelege levekår. Vårdal har i si forsking sett på dei moglegheitene husmennene hadde, og funne at dei hadde eit langt større handlingsrom og meir aktiv deltaking enn ein tidlegare har trudd.

Også mellom embetsmenn og bønder har ho funne meir samhandling enn det litteraturen gjev inntrykk av, som ofte skildrar dei som to forskjellige kulturar.

I ei pressemelding frå Universitetet i Bergen, står det at avhandlinga til Mette Vårdal bidreg til ei breiare forståing av det gamle bondesamfunnet og kva enkeltmenneske kunne bety, uavhengig av stand og stilling.