Demonstrerte alpeslåmaskin i Nordherad

Ei tyskprodusert slåmaskin som blir brukt i Alpane, vart demonstrert i Nordherad laurdag.

Slåmaskin: Nordherad har mange bratte jorder. Joar Visdal, Kai Valbjør, Ola Kaurstad og Einar Hårstad studerte vel slåmaskina som Johnny Elvebakke demonstrerte i grenda laurdag.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

For ti år sidan budde Johnny Elvebakke frå Nordfjordeid på Valbjør gard i Nordherad i Vågå medan han gjekk på Klones. Laurdag var han attende på garden for å demonstrere ei tyskprodusert alpeslåmaskin og beitepussar.