52 bilistar vart kontrollerte i samband med skulestart måndag morgon. Politiet hadde kontrollar ved Vågåmo skule, ved nyskulen i Bismo og i Lom.

Politibetjent Øyvind Aaboen fortel at dei hadde fokus på generell åtferd, sikring av ungar i bil, bruk av bilbelte og eventuelt mobiltelefon.

– Det er viktig at bilistane viser omsyn i trafikken slik at ungane får ein trygg skuleveg, seier Aaboen.

Han fortel at politiet vil ha kontrollar heile denne veka og neste veke.

Politioverbetjent Tor Trønnes og politibetjent Anders Carlsen hadde teke oppstilling ved parkeringsplassen og busstoppen nedanfor Vågåmo skule og Vågå ungdomsskule.

Her i Moavegen er det stor trafikk om morgonen av bussar og foreldre som køyrer ungane på skulen. Innkøyringa til Moavegen frå Vågåvegen er forbode for personbilar, og resulterer i at alle køyrer inn frå Nedre Nordheradsveg ved Postmo. Her blir det eit virvar av personbilar som skal sleppe av skuleungar og snu, samstundes som bussane skal ut denne vegen.

Trønnes oppfordrar foreldre til å sleppe av ungane ved Halland/kulturhuset for å unngå trafikkfarlege situasjonar med mjuke trafikantar, bilar og bussar.

Han fortel at dei tidlegare har hatt fleire kontrollar her, og at dette er ein plass dei vil følgje ekstra godt med i tida framover også.