Skjåk barne- og ungdomsskule i Bismo vart opna måndag føremiddag. Skulen sine seks fyrsteklassingar fekk det ærefulle oppdraget med å klippe snora, framfor dei mange hundre personane som tok del i opningsfesten.

Ordførar, regionrådsleiar, fylkesmann og andre kom med velvalte ord under den offisielle opninga i skulegarden.

Ordførar Elias Sperstad hadde dessutan med seg ei gladmelding til alle frammøtte.

– Det har ikkje vore noko byggesprekk. Snarare tvert om, sa ordføraren, før han kunne fortelje at skuleprosjektet vart 8,4 millionar kroner under det som var kostnadsrekna.

Skjåk barne- og ungdomsskule har dette skuleåret 213 elevar, og vel 50 tilsette.

– Om eg hadde fått spørsmål om 1-10-skule i Skjåk for 15 år sidan, så hadde eg sagt at det ikkje var aktuelt. Men når ein ser det minkande folketalet og dermed færre elevar, er denne storskulen framtidsretta og ein god ting. Takk til Skjåk kommune får at dykk våga å satse på 1-10-skule, sa rektor Trude Teigen måndag.

Etter talar, underhaldningsbidrag og snorklipping, vart det servering og open skule der dei frammøtte kunne ta den 4.700 kvadratmeter store skulen i nærare augesyn. Skjåk barne- og ungdomsskule har god plass, og det er ingen tvil om det er ein flott skule for både elevar og tilsette.

– Skulen ligg lett tilgjengeleg og er ei ny perle i Bismo, og eg håpar og trur at den nye skulen blir eit viktig element for optimisme, seier ordførar Elias Sperstad.

Dei som ikkje fekk vore med på sjølve opninga måndag føremiddag, får høve til å sjå skulen måndag ettermiddag. Da er det nemleg open skule eit par timar.