Som einaste bank i Oppland er Sparebank 1 i Lom og Skjåk nominert til «Finansstafetten 2018».

Prisen blir kvart år delt ut til den finansbedrifta som best har gjennomført Ungt Entreprenørskaps program «Økonomi og karriereval» og «Sjef i eige liv».

Prisutdelinga er eit samarbeid mellom Finans Norge og Ungt Entreprenørskap.

Over heile landet har lokale bankar gjennomført programma. Poenget med opplegget er å rettleie skuleelevar i personleg økonomi.

– Det er viktig å bidra til at dei unge får større økonomisk forståing. Utan ei god forståing for personleg økonomi, kan dei stå i fare for å slite økonomisk og dermed få dårlegare føresetnader seinare i livet. I programmet blir elevane bevisste på ulike problemstillingar, dei lærer å setja opp eigne budsjett og ser kva konsekvensar ulike prioriteringar og dårlege val kan gje, seier Kristin Nygård Lonbakken, marknads- og kommunikasjonsansvarleg i Sparebank 1 Lom og Skjåk.

Vinnaren av Finansstafetten blir delt ut i Oslo onsdag neste veke. 11 bankar er nominert.