– Vi tek sikte på å gå tur kvar måndag i tida framover. Det er mange som kan tenkje seg å gå tur, men det blir jo mykje hyggelegare dersom ein har nokon å gå saman med. Det er viktig å vera fysisk aktiv, og vi håpar dette tiltaket kan gjera at fleire finn glede i å gå tur. Dette er turar alle kan vera med på, vi legg ikkje opp til toppturar på noko vis – men heilt ordinære rusleturar rundt omkring. Etterpå blir det kaffe på friviljugsentralen. Det er viktig med det sosiale aspektet òg, seier Jo-Andre Sperstad Fjeld, dagleg leiar i Skjåk friviljugsentral.

Han slår fast at alle kan vera med; kvinner, menn, unge, eldre, spreke eller ikkje spreke.

– Vi kan gå i ei gruppe, eller vi kan dele inn i små grupper, med turleiarar. Kanskje vil somme gå ei «heil runde», medan andre vil snu etter stutt tid. Alt er lov. Ein får helsegevinst av stutte rusleturar óg.

Oddveig Grjotheim Kveum og Ingrid Viken seier seg samde.

– Dette blir uhøgtideleg og triveleg. Kom og bli med! oppmodar dei.