Vekas jubilant

«Vekas jubilant» er ei 3 år gamal jente frå Bøverdalen.
Nyheiter

Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på nettsidene våre kvar laurdag.

Denne vekas jubilant er Jendine Husom Slålien, som vart 3 år den 2. august. Ho får helsing på dagen frå Eldar, Egil, Johanne, mamma og pappa.

Jendine kan vente seg ei pakke frå Fjuken ein av dei fyrste dagane.

Dersom du sender inn helsing i Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.