Det var, naturleg nok, traktor som var i fokus under arrangementet, men det var mykje anna spennande ein kunne få med seg óg.

Traktorane var ei oppleving i seg sjølv. Somme var små og gamle, andre var store, nye og moderne. Det var i det heile ufatteleg mange traktorar i Vågåmo laurdag ettermiddag!

Traktorrock kunne by på mykje av mangt, ulike utstillingar, aktivitetar, dyr, kjøp og sal av ulike varer, god mat og drikke, konkurransar og ikkje minst: Mange blide folk!