– Å møte litteraturen tidleg, vil som regel resultere i at ein blir glad i litteratur som vaksen, seier Magnhild Bruheim, styremedlem i Diktardagar og representant for Venelaget Jan-Magnus Bruheim, som har hovudansvaret for årets arrangement.

Kari Anne Skjaak sit i undergruppa som har ansvaret for seminaret, eit seminar som har barne- og ungdomslitteratur som tema.

Både Bruheim og Skjaak er stolte over at barnebokforfattar og to gonger Brageprisvinnar Maria Parr er blant dei som kjem til seminaret.

Maria Parr debuterte i 2005 med barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen, vann Nynorsk barnelitteraturpris og vart grunnlag for tv-serien Vaffelhjarte. Den andre boka hennar, Tone Glimmerdal, kom ut i 2009. Boka vann både Brageprisen og fleire andre prisar. Den tredje boka kom i 2017: Keeperen og havet. Også den boka vart premiert med Brageprisen.

Under Diktardagar skal Maria Parr delta på seminaret «Barnelitteratur» laurdag. Der skal ho fortelja om diktaruniverset sitt og om det å skrive for barn. Same dag, på festkvelden, skal ho lesa frå bøkene. Ho skal óg vera med på bokbadet som ein av tre forfattarar.

– Det kjem fleire profilerte og dyktige forfattarar til seminaret, lovar Magnhild Bruheim og Kari Anne Skjaak, som håpar på godt publikumsframmøte.

– I utgangspunktet tenkte vi at målgruppa skulle vera lærarar, førskulelærarar og bibliotekarar, men vi tenkjer at seminaret passar godt for alle slags folk, ikkje minst for foreldre. Og til og med ungar. Kom og høyr, vi er sikre på at mykje av seminaret vil vera spennande for dei fleste.

På seminaret elles skal Kristin Ørjasæter, direktør ved Norsk barnebokinstitutt, fortelja om erfaringar frå forskingsprosjektet «Litteratur, litteratur – formiding og kunstoppleving». Brynjulf Tjønn, redaktør i Samlaget, skal fortelja om nyare nynorsk barne- og ungdomslitteratur, medan Hildegunn Solberg Nes, redaktør av Barnedikt i utval av Jan-Magnus Bruheim, skal ta føre seg bruk av barnedikt i undervisninga.

Om du er ung eller eldre, om du er lærar eller om du kanskje «berre» er glad i å skrive: Da kan det vera ein idè å høyre på forfattar Kjersti Wold sitt foredrag om kreativ skriving og korleis ein skal inspirere til skriveglede hjå elevane.

– Eg har vore på fleire kurs med Kjersti Wold, ho er ein særdeles inspirerande kurshaldar. Eg vil anbefale det på det varmaste. Her får ein mange nyttige tips om korleis ein skal få elevar i gang og korleis ein skal finne skrivegleda, lovar Kari Anne Skjaak.

Ettersom det i 2018 er 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje, vil årets Diktardagar òg markere det, mellom anna med ein Vinje-kveld.

Frå programmet kan det elles nemnast at barnebokforfattar Arnfinn Kolerud skal besøkje skuleklassar i både Lom, Skjåk og Vågå, det skal vera bibliotekarrangment for ungar i barnehagar, det skal vera ulike foredrag, festkveld med musikk av Sigrid Moldestad, konsert av Sol i Skuggeskog, Tea Kummen-arrangement, pubkveld med Aasmund Nordstoga, diktarmiddag og mykje anna.

Årets Diktardagar skal gå føre seg frå torsdag 30. august til og med sundag 2. september.