Men håpet om ei løysing - det har ho ikkje mista.

Det er to-tre månader sidan Gjertsen gjekk ut i Fjuken og fortalde at ho vurderte å selja verksemda.

– Interessa var ikkje spesielt stor, og det skjønar eg litt. Men eg meiner oppriktig at det finst mange spennande moglegheiter for vidareutvikling. Det som er viktig for meg, er ikkje å tene pengar på salet. Tida og kronene eg har lagt ned i dette prosjektet vil eg nok ikkje få att uansett. Det som er viktig for meg, er at eg finn ein kjøpar som er motivert og skikka til å ta over. Mykje av grunnlaget er lagt, og om det er interesse for det, blir eg gjerne med i ein overgangsperiode, seier Astrid Gjertsen, som tykkjer det er viktig at Skjåk kjøpesenter har kafè.

– Mange kundar har uttrykt glede over Skafferiet i sommar, spesielt at vi har pub. Det er ein sosial møteplass som mange set pris på, seier Astrid og ler godt når ho slår fast at ho har halde på såpass lenge at ho sikkert kan halde på ei stund til.

– Men dersom ingen vil ta over, håpar eg å finne ein person som vil vera med meg «på laget», ein eg kan samarbeide med og dele ansvaret med, ein som har andre idear og innfallsvinklar i høve korleis vi skal vidareutvikle Skafferiet. Eg likar å arbeide saman med folk, eg likar ulike synspunkt og innspel og tenkjer resultatet blir betre dersom det ikkje «berre» er eg som skal drive dette.

– Korleis har sommaren vore?

– I juli vart det greie tal, og starten på august vart sjølvsagt ekstra god. Da var det Landsfestival i Skjåk, og det merka vi godt på besøket. Eg er sikker på at vi kan få til mykje spennande i tida framover. Ta kontakt dersom det kan vera aktuelt å vera med som medeigar i Skafferiet Kafè og Pub AS – eller ta kontakt dersom du er interessert i å kjøpe, så tek vi ein prat, oppmodar Astrid.

Årsresultatet for 2017 gav Skafferiet Kafè og Pub AS eit lite underskot. Målet til Astrid Gjertsen er å gå i balanse inneverande år.