Årets unge bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald's Norge og Felleskjøpet Agri.

Poenget med kåringa er å auke rekrutteringa til norsk landbruk og setja fokus på produksjon av norsk kvalitetsmat.

Bonden må vera matprodusent, under 35, og eit sunt forbilde som kan inspirere fleire kloke hovud og driftige hender til å finne vegen til norsk landbruk. Det er eit pluss om kandidatane engasjerer seg i lokalmiljøet.

Kandidatar kan nominerast fram til 27. august. Dei beste nominasjonane går vidare til ein semifinale der heile Noreg får høve til å stemme fram sin favoritt.

Vinnaren av Årets bonde får eit reisestipend på 20.000 kroner - og eit gåvekort på 10.000 kroner.

Leiar av årets jury er landbruks- og matministister Jon Georg Dale.

Du kan foreslå kandidatar her.