– Det er stor aktivitet i klatrefeltet i Tronoddberget, noko som er veldig positivt! Det kan òg sjå ut som aktiviteten er aukande, basert på talet på bilar som står parkert der oppgangen til feltet er, innleier Merete Byre-Haakensen i eit brev ho har sendt til Lom kommune.

I brevet kjem det fram at parkeringa består av ei litt stor busslomme og at det på ingen måte er tilrettelagt for det talet med bilar som ofte står der.

– Dette fører til at bilar blir parkert delvis ute i køyrebana, noko som igjen fører til trafikkfarlege situasjonar. Liavegen er smal nok om ikkje parkerte bilar skal gjera køyrebana enda smalare, skriv Byre-Haakensen, som oppmodar kommunen til å sjå på saka – og til å gjennomføre tiltak for å betre trafikktryggleiken i dette området.

– Etter mi meining bør det opparbeidast ein skikkeleg oppmerka parkeringsplass her. Det er det plass til. Dette vil vera eit godt trafikksikrings- og folkehelsetiltak, og eg veit at Lom kommune er oppteken av båe delar.