Da opnar nemleg gangbrua som er 52 meter lang og 2 centimeter tjukk ved Sognefjellshytta.

Brua er eit element i den nyetablerte innfallsporten til Jotunheimen nasjonalpark, som er utforma av Dronninga landskap.

Det er Stryvo som har vore brubyggjar, og dei stiller under den offisielle opninga av anlegget «Utkikkspunkt Sognefjellet» måndag ettermiddag, for å fortelje litt om prosjektet.

Ved utkikkspunktet kan ein ta ein stopp, strekke på beina, gå ein liten rundtur og få eit inntrykk av nasjonalparken.