– Eg er utruleg spent. Nå må vi få det til å gli bra, og byggje opp ein god skule frå botnen av. Det nyttar ikkje å ta noko frå éin skule og noko anna frå den andre skulen. Her må vi tenkje heilt nytt, seier rektor Trude Teigen.

Ho seier at elevane som startar på Skjåk barne- og ungdomsskule måndag kan forvente seg ein utruleg pen skule, med eit fint uteområde.

– Etter kvart skal vi få på plass ei einskapleg opplæring som heng saman frå eleven startar i fyrsteklasse til han eller ho går ut av 10. klasse, seier rektoren.

Ordførar Elias Sperstad seier at han også forventar trivsel på den nye skulen.

– God trivsel er god læring. Både elevar og tilsette skal trivast på denne skulen, seier Sperstad.

Å få samla kompetansen og dra veksel på kvarandre blir viktig, meiner Trude Teigen.

– Vi har utruleg mange gode fagpersonar i bygda, og det å få sveisa saman heile staben blir bra, seier rektoren.

Ordføraren og rektoren er samde om at den 4.700 kvadratmeter store skulen i Bismo er godt gjennomtenkt og at det endelege resultatet ikkje kunne vorte betre.

– Når det gjeld infrastrukturen ligg det mykje her som kjem heile bygda til gode. Dette er eit nytt felles samlingspunkt for alle i Skjåk, seier Elias Sperstad, og siktar særleg til den flotte og spennande skulegarden som inneheld alt ein kan tenkje seg av apparat og konstruksjonar.

Måndag får alle høve til å sjå den nye skulen. Da er det offisiell opning. Unni Aurmo sit i «festkomiteen». Ho fortel at det er årets seks fyrsteklassingar som får æra av å klyppe snora måndag.

– Det blir elles kulturelle innslag, tale ved ordføraren og andre, omvising og servering, seier Aurmo, som vidare fortel at det på menyen står kjøtkaku på gaffel og blautkake. Fylkemannen i Oppland kjem på opninga måndag, som er open for alle.

– Både dei som har hatt kontrakt med kommunen i høve byggjinga, og ein del andre som har vore sentrale, har fått tilsendt invitasjon, men frå kommunen si side er det viktig å få understreka at absolutt alle er velkomne til opninga, seier ordførar Elias Sperstad. I tillegg til hovudprogrammet måndag føremiddag, er det open skule utpå ettermiddagen.

Skjåk barne- og ungdomsskule har det komande skuleåret 213 elevar og vel 50 tilsette.

Nå er det tomt, men måndag blir klasseromma på skulen fylt opp med elevar. Foto: Tom Erik Solstad
Slik ser Skjåk barne- og ungdomsskule ut frå lufta. Foto: Tom Erik Solstad