Årets feltarbeid skal halde fram til snøen kjem. Sju arkeologar er i sving.

– Fyrste veke er vi på den midtre og vestre delen av Lomseggmassivet. Etter ein usedvanleg varm sommar har det sjølvsagt vore mykje smelting. Mange fonner og brear er rekordsmå. Vi har allereie gjort mange spennande funn, blant anna svært godt bevarte pilskaft med pilspissar og anna, oppsummerer fylkesarkeolog Espen Finstad.

Han fortel at det mest spennande funnet så langt er eit pilskaft som er om lag ein meter langt.

– Vi er rimeleg sikre på at pilskaftet er frå yngre steinalder, eller bronsealder, anslagsvis 4.000 år gamalt. Vi ser på tuppen at det truleg har sitje ein steinspiss der.

Neste veke skal arkeologane vera i Jotunheimen, til fonner dei sjekka førre veke. Dei veit det ligg funn der. Etterpå skal dei til Lomseggen att.

– Utover hausten skal vi følgje opp der «det brenn mest». Vi har fått inn meldingar om funn frå fleire fjellvandrarar. Det er flott at folk har augo opne og at dei melder frå til oss når dei ser noko dei trur kan vera av interesse, seier Finstad og påpeikar at det er viktig at folk ikkje tek opp eller tek med seg funna.

– Send oss gjerne gps-posisjon på epost, oppmodar han.