Det fortel dagleg leiar Mai Bakken.

– Faktisk har vi fått berre positive attendemeldingar. Mange har uttrykt glede over at brefunna – og innhaldet i vikinggrava – har kome «heim att», som dei seier. I det heile har det vore stor interesse for den brearkeologiske utstillinga. Den nye storfilmen er det óg mange som har kommentert. Vi fekk dessverre litt oppstartsproblem med filmen, men nå har det gått seg til.

– Kva kan du seia om besøkstalet i Norsk fjellsenter i sommar?

– Eg har ikkje konkrete tal å vise til her og nå, men vi er tilfredse, spesielt med tanke på at det ikkje har vore det vi kallar museumsvêr i sommar, svarar Mai Bakken.

Ho fortel at det, i gjennomsnitt, har vore innom mellom 300 og 400 menneske kvar dag, det vil seia på dei varme dagane.

– Når det regnar, da eksploderer det rett og slett. Da er besøkstalet oppe i mellom 600 og 700 med ein gong.