Gudrun og Odd Joar Ramstad kjøpte utstyret, kundegrunnlaget og merkenamnet frå Gudbrandsdalsegg i 2016. Fjøset på Nordigard Ramstad vart bygt om og på – og 4.000 høner kom til gards.

Salet av egg har gått unna så til dei gradar. Nå, berre to år etter etableringa, har Gudrun og Odd Joar Ramstad bestemt seg for å byggje eit fjøs til.

– Støypinga tek til fredag denne veka. Innreiinga kjem om lag 15. oktober. Det er prat om ei investering på om lag 3,5 millionar kroner. Etter nybygginga blir det 7.500 høner på garden, fortel Odd Joar, som ikkje er i tvil om at dei skal «bli kvitt alle egga», som han uttrykkjer det.