«Ikje nåyn stann i heile lande kjøm dæ så lite reign som her uppi. Um heile vatsmeingden som kjøm ne på eit år kom på ein gong, så vørte dæ lite over 1/2 aln djuft (om lag 25 centimeter, journ. merk.) aille stann i Skjåk; men utve sjø’n vørte dæ eot 4-5 alne (200-250 cm). Heruppi må dæfor prøve å hailde jorde mæ vatn någåattåt sjølve. Dæ ha vore sagt at døm tok te å vatne så langt atti tin som da ’n Halvdan Svarte va te.

Dæ æ ikje någåyn vanskje å få ti vatnarvatn når dæ æ vatsrike grøv i jordeom. Men dæ kain vera mange gardø millom grøv mæ sikkert vatn ti. Dæfor lit døm ofte sjå te få fram vatn lange leie, heilst frå elve som kjøm onda bræa. I di eildste tiom va døm ikje så goe te å få fram vatn frå langt burte som døm vart sia. Den dag idag kain oss sjå att merkje ette gamle dambø der dæ kain ha vore eit lite vatsseg. Øn Vats-Per fainn upp eit aperat så’n skjønte se på kæheilst ’n fekk vatnø te å reinne. Dæ æ ikje meir ein eit hondredø år sia. Denne uppfinningje ha veondele mykjy på se for Skjåk.

Dæ æ eit kostbart greie for bygdom, denne vatningje. Ikje berre vaksne, men ongain mæ, lit prøve stå mæ reko’n (reiskap for å spreie vatnet utover åkeren med, før spreiar og vassvogner). Men dæ æ ikje så lett gjort som øn kain tru, å verta go te vatne.

Desse siste 50 åre ha snogbræoyn minka så. Dæ ha tett se best di siste tjuge åre. Og ska døm hailde på å minke så leingje, kain dæ verta reint vatslaust i summe grende i Skjåk. Dæ æ um å gjera um døm kain finne på någå så døm kain så døm kain få vatn utu Ottoyn (Ottaelva). Øn skulde tru at staten vilde hjølpe te i slike tefeill.

Døm vatna nok mykjy bere mykjy meir førr i ti’n; men så æ dæ meire gjødsel og mykjy bere reidskap te å arbeie jorde mæ, nå. Såmaskjina mæ ha hjølt te og tikji burt någå tå vatningen. Dæ va så visst førr i tin, at nør døm kasta plogen, så va dæ å feta (gripe) reko. Men nå kjøm froø (såfrøet) både jemt og passande djuft ni jorde. Dæ va nok anslesn når døm handsådde og horva appå mæ ei stakkars trehorv. Og så va døm fæle te å drine jorde i gamle dågå. Døm ha eitt slags vekste på såmå flekkje mange år ette eina’n, og så skulde vatnø hjølpe te å pine utu jordn dein krafte ho ha».

Dammen på Einingtjønn er kanskje 70 meter brei og 6 meter tjukk. Han vart bygt fyrst på 1900-talet. Det var noko til arbeid for å få regulert vatnet til gardane nede i dalen. Foto: Hans Erik Kjosbakken