Når flytta du frå Ottadalen?

– Eg reiste ut i militærteneste i juli 1982 og har ikkje budd i Lom sidan.

Kva saknar du mest?

– I starten var det nok det tørre klimaet, men no er det i ferd med å jamne seg ut. I dag tenkjer eg meir det er det særmerkte ved Lom, kulturen, dialekta og folkemusikken eg saknar.

Kva knyter deg til heimbygda nå?

– Eg er heldig å ha hytte i heimgrenda og i nærleiken av brødrene mine og deira familiar. Vi er der nokså ofte, og slik sett kjenner eg meg framleis som ein del av identiteten og Lomsbygda.

Kva er grunnen til at du busette deg der du bur i dag?

– Det vert ofte slik når ein søkjer ut for å treffe rette dama. Kjerringa mi er frå Ørsta. Etter at vi fekk ungar vart det til at vi søkte til hennar sitt heimeområde. Sunnmøre har også eit arbeidsmarked med meir å velje i. Så har vi ein fantastisk natur med fjord og fjell.

Kva arbeider du med?

– Eg er rådmann i Volda kommune og leier samtidig prosessen med å slå saman Hornindal og Volda til ein kommune. Frå 2020 vert eg rådmann i nye Volda.

Har du ynskje om å flytte attende til Ottadalen, og kva må i så tilfelle til for at du gjer det?

– Eg trivst godt på Sunnmøre og har ikkje noko ynskje om å flytte attende i dag. Skulle det vore aktuelt å vurdere det, så ser eg for meg større faglege utviklingsmiljø.

Korleis held du deg oppdatert om det som skjer i heimbygda di?

– Gjennom Fjuken og kontakt med slekt og vener.

Kva er ditt beste minne frå Lom?

– Eg sit med mange gode minne. Eg var heldig og vaks opp på gard med mange, og kan trekkje fram eit vårminne frå 5-årsalderen da eg var med far og hadde på gjødsel med hest. Det var ein fin verdag med ro og fred. Praten gjekk livleg med pauser der far spikka seljefløyter til meg.

Er det ein eller fleire ottadølar du saknar spesielt?

– Eg saknar dei næraste som har gått bort. Elles er eg så ofte i Lom at eg kan halde oppe kontakten med mange av dei som eg har hatt kontakt med i oppveksten.

Kva hobbyar og interesser har du utanom jobb?

– Eg spelar trekkspel og torader. I de siste har det vore mest torader, og eg har nyleg gjeve ut CD saman med Jan Fyrun og Olav Haugen. Eg likar å gå i fjellet og vere på turar ute i naturen.