Canadiaren Gary Wilbert Pedersen var sonen til Gudmund Aurmo, som igjen var sonen til Peder Løkken.

– Peder Løkken var bror til Eldri, gift Syvergård. Gary Wilbert er ein slektning av oss, som ingen visste om før for om lag fire år sidan, seier Eldri Sørhage i Skjåk.

Ho fortel vidare at da canadiaren besøkte bygda for tre år sidan, besøkte han også Skjåk kyrkje der faren Gudmund Aurmo vart døypt i 1911. Gary Wilbert Pedersen vart aldri døypt som barn. Da faren Gudmund deltok i krigen, vart han hardt såra og vart liggjande på sjukehus i England resten av krigen. Han kom ikkje attende til Canada før i 1946. Da hadde Gary Wilbert vorte seks år gamal.

– Da slektningen vår var her for tre år sidan og mellom anna besøkte Skjåk kyrkje, var hans store ynskje å få døype seg i den same døypefonten som faren vart døypt i i 1911, seier Eldri Sørhage.

Fredag i førre veke vart ynsket oppfylt. Da var canadiaren attende i Skjåk, og det vart denne kvelden gjennomført dåpsmesse i Skjåk kyrkje for Gary Wilbert Pedersen. Slekt frå Soknedal, Skjåk og Lom deltok på dåpen til 78-åringen. Som ei stor overrasking for alle som deltok, vart det gjort kjent at faren Gudmund Aurmo vart døypt på akkurat same dato - heile 107 år tidlegare.

Den gamle døypefonten som vart brukt i 1911 var sett på plass i kyrkja.

– Det vart ei rørande og fin stund i kyrkja da Gary Wilbert fekk sitt store ynske oppfylt. Dette var verkeleg stort for han, seier Eldri Sørhage.

Det var sokneprest i Nord-Fron, Terje Elvestad, som hadde dåpen. Han forretta delvis på engelsk og delvis på norsk.

– Vi må få rette ein stor takk til kyrkjekontoret for den fine ramma dei stelte til rundt denne dåpsmessa, og til presten som gjennomførte den noko spesielle dåpen med glans, seier Eldri Sørhage.

Førre veke vart det gjennomført ein nokså spesiell dåp i Skjåk kyrkje.