Onsdag 26. september kjem det representantar frå Blomqvist til Fossheim hotell i Lom. To ekspertar vil ta ein titt på det folk vil syne fram – og dei vil gje ei verdivurdering.

– Vi likar å reise rundt i landet ein gong i blant, men vanlegvis er det dei store byane vi besøkjer. Denne gongen skal vi innom fire mindre stader: Balestrand, Gol, Otta og Lom, fortel Nina Castberg Bråthen, kunstekspert i Blomqvist.

På Blomqvist si facebookside kjem det fram at norsk kunst frå 1950- og 60-talet er populært og at ein oppnår svært gode prisar. Etterspurnaden etter moderne design og kunst, både norsk og internasjonalt, er stor. Sylv, glas, porselen og antikvitetar er det òg stor interesse for.

Nå er det ikkje slik at folk treng dra med seg store møblar eller tunge gjenstandar til Fossheim for å få informasjon og verdivurdering.

– Er det utfordrande å ta med seg gjenstandane: Ta eit bilde med mobilen. Som regel kan vi seia ganske mykje utfrå eit bilde, seier Castberg Bråthen, som kjem til Lom saman med Alexander Foss, ekspert på antikvitetar, bondeantikvitetar og rosemåling.

– Vi tek med oss ein stor bil, i tilfelle nokon ynskjer å selja det som eventuelt kan vera interessant.