Frå fleire kjelder har Fjuken fått fortalt at det er Kiwi som skal inn i dei ledige lokala etter Rema 1000. Kiwi i Lom, eller Nilsbue, som lomværane framleis seier – skal ha fått tilbod om å etablere seg der. Dersom Nilsbue takkar nei, har Fjuken grunn til å tru at Kiwi likevel vil etablere seg i Gjeisarøya.

Da vil det i så tilfelle bli to Kiwi-butikkar i Lom.

Butikksjef i Kiwi Lom, Arnt Rune Vole, vil ikkje kommentere saka.

– Eg har ingen kommentar til saka på noverande tidspunkt, seier han.

Fjuken har heller ikkje fått tak i representantar frå Kiwi sentralt som kan kommentere saka.