Gjennom enkeltpersonforetaket Micas Design tilbyr Monica Wegner alt av brodering og trykk på klede, tekstilar og anna. Foretaket vart registrert i mai i fjor, og nå på forsommaren signerte Wegner kontrakt med Skjåk kommune som inneber at ho skal merke og skilte alt av dører og vegger på den nye storskulen som blir teken i bruk for elevar og lærarar måndag 20. august.

– Dette oppdraget var større enn eg hadde trudd, seier Monica.

Ho trudde det var «berre» på nydelen, altså barneskulen, at det skulle lagast og monterast skilt.

– Men det viste seg jo det at det faktisk var gamledelen også, altså ungdomsskuledelen. Det vart eit stort oppdrag, men eg tykkjer det er utruleg artig, og sjølvsagt betyr det mykje for foretaket mitt reint økonomisk, seier gründeren, som meiner ho har funne ein marknad som er leveleg.

Den dagen Fjuken besøker Micas Design, har Monica akkurat fått ein leveranse på 180 skilt som skal trykkjast og monterast på dørene på skulen. Med stort og smått er det i alt langt over 200 skilt som skal opp. I tillegg er det mange dører som skal folierast med ulike symbol og fargar. Kvar dør på skulen skal forresten nummererast med tre siffer.

– Med over 170 dører er berre dette ein omfattande jobb, seier Monica Wegner.

Ho har hatt, og har framleis, mange seine kvelder og netter for å bli ferdig med merking og skilting til skulen skal takast i bruk om halvannan veke.

– Heldigvis har eg ein sambuar som støttar meg fullt ut, og som hjelper til i heimen slik at eg får prioritert denne jobben. Det er mykje arbeid, men eg blir ferdig innan fristen, seier Monica Wegner, som tykkjer det er artig at det vart nettopp ho som fekk oppdraget.

Ho har investert fleire hundre tusen kroner i topp moderne trykkeutstyr, og har allereie skaffa seg eit bra kundegrunnlag.

– Det er fleire og fleire bedrifter som tek kontakt, som mellom anna vil ha trykt arbeidsantrekk. Ein del private kundar har eg også, seier Monica Wegner.

På sikt håpar ho at verksemda hennar skal kunne generere arbeidsplassar. Monica fortel at ho allereie i fjor, det fyrste året, gjekk i overskot.

Micas Design tek på seg alt av trykking på klede og tekstilar. Her held Monica på med å trykke t-skjorter. Ho har investert fleire hundre tusen kroner i topp moderne utstyr. Foto: Tom Erik Solstad
I alt er det 19 toalett på skulen som skal merkast. Foto: Tom Erik Solstad