Da Jøingsli vart skyttarkonge i Stjørdal midt i veka, kasta Lom og Skjåk skyttarlag seg rundt og gjekk i gang med planlegginga av eit aldri så lite gjestebod.

Sidan onsdag har det gått i eitt for Tor Gaute, ikkje berre var det meir skyting på programmet. Han har måtte takle hundrevis av gratulasjonar og helsingar. Sundag var han endeleg heime i Skjåk.

Alt var tima og tilrettelagt i skyttarhuset i Nordberg. Tor Gaute og kjærasten Anita Jære kom inn i skyttarhuset til applaus frå nær familie og aktive skyttarvener frå Lom og Skjåk.

– Dette var artigt, Tor Gaute!

– Ja, eg tykte det eg med, svara den sindige skjåkværen.

Han, kjærasten og båes foreldre vart naturleg nok plassert ved eit bord for seg sjølv, liksom på eit gjestebod. Og, som det sømer seg i gjestebod i Skjåk vart det servert rumgraut og avletter.

Deretter var det tid for taler og gåveoverrekkingar. Fyrst ute var skyttarlaget, ved ungdomsansvarleg Lars Egar Haugen.

– Deres Majestet, gullet har kome heim, som dei seier i Bergen. Prestasjonen din betyr mykje for alle skyttarar. Det syner at det går an å koma frå eit lite skyttarlag og klare dette. Dette er den beste hjelpa for rekruttering av nye skyttarar, og vi har ventelister for å vera med skyteskule til hausten, sa Haugen mellom anna.

Haugen skildra òg prestasjonen på banen onsdag. Da Tor Gaute Jøingsli slo ein som har vorte prins to gonger og har delteke i OL. Det er toppidrett i aller høgste grad.

Ordførar Elias Sperstad gjorde òg stas på Jøingsli.

– Du har sett Skjåk skikkeleg på kartet med den utrulege bragden din. Dette var ein innertiar for deg, for familien din og alle rundt deg - og all ære til skyttarlaget for den jobben dei har gjort og gjer.

– Gjev dette eit ekstra press framfor landsskyttarstemnet neste år, ville Sperstad veta.

– Nei, nå har eg nå vunne ein tittel da, svara den like rolege storskyttaren.

– Korleis var eigentleg nervepresset under omskytinga, lurte Sperstad på.

– Nei, da var eg heilt roleg og treivst godt. Eg visste jo at eg hadde vorte anten prins eller konge same kva resultatet vart, svara kong Jøingsli.

Frå Skjåk kommune og sponsoren Lom og Skjåk Sparebank fekk Jøingsli ein akvarell, måla av Kari Utgaard.

– Du er ein flott representant for bygda og for Nord-Gudbrandsdalen, og det er jælma bra at du held på dialekta di, sa Nils Arne Haugen frå banken.

Også frå ein annan sponsor, Ottadalen Mølle, vanka det godord og gåve.

– Vi håpar å lande ei ny sponsoravtale med deg nokså fort, sa møllesjef Nils Olav Fosstuen.

Skjåk har fått sin fyrste kongepokalvinnar nokon sinne, og det vil truleg bli arrangert eit meir ope og offentleg arrangement for at så mange som mogleg kan få vera med å hylle den sympatiske karen frå Jøingsli'n.

Neste helg er det samlagskyting i Nordberg, da er det berre å møte fram for å sjå Jøingsli og andre i aksjon.