Vågå brannvesen og Lom og Skjåk brannvesen melder at totalforbodet mot bål og open brenning er oppheva i Vågå, Lom og Skjåk frå i dag, fredag.

Brannvesenet minner likevel om det generelle bålforbodet som gjeld i tidsrommet 15. april-15. september, som inneber at det framleis er forbode å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog eller anna utmark.

Tilrettelagde bålplassar og stadar der det ikkje er brannfarleg kan nyttast.

Gardbrukarar som ynskjer å brenne kvist og anna reint trevirke, kan gjera dette på innmark, men må melde frå til Alarmsentral Brann Innlandet, og til brannvakt.

Brannvesenet minner også om at det er den som tenner bål som er ansvarleg for at det ikkje blir brann.

Vågå brannvesen og Lom og Skjåk brannvesen takkar for at det er vist stor forståing for forbodet denne sommaren, noko som har medført at store menneskeskapte skogbrannar har vore unngått.