Stenginga av fylkesvegen mellom Nord-Gudbrandsdal og Valdres skjer i tidsrommet  21.00-06.00 frå måndag 13. august til fredag 17. august.

Det er Statens vegvesen som melder om dette. Grunnen til nattestenginga er bruarbeid ved Bygdin fjellhotell.

Statens vegvesen opplyser at dei er avhengige av å stenge vegen heilt for å få fullført bruarbeidet neste veke.