For å få til dette, har organisasjonen fått med seg kokkane på Fossberg, som på kort varsel sa ja til å vera med.

– Vi har lyst til å få fram kvalitetane ved lammet, og at det ikkje berre dreier seg om får-i-kål og pinnekjøt når ein skal ete lam, seier nestleiar i Lom sau og geit, Arne Bjørgen.

På grillen, som kokkane Marit Lund og Hanne Marstein skal styre, blir det lagt både indrefilet og lammecarré.

– Vi håpar sjølvsagt at mange tek seg ein tur på Bergje for å få ei god smaksprøve, seier Bjørgen, Lund og Marstein.