Kva er mest spennande med Skjåk?

– Alle aktivitetane vi har her. Eg er nøgd med det som er av tilbod, og har nok å finne på i bygda.

Kva manglar Skjåk?

– Ei sykkelbane. Hadde det vore det i Skjåk, hadde eg ikkje trengt å ta bussen til Vågå for å sykle. Eg brukar «Villa-parken». Den tykkjer eg er fin, og det er akkurat ei slik sykkelbane eg kunne tenkt meg i Bismo.

Kva brukar du mest tid på?

– Sidan eg spelar både gitar og toradar i kulturskulen, brukar eg ein del tid på øving. Eg har spelt toradar i seks år og gitar i tre år. Eg er også medlem i Lom toradergruppe. Der har eg vore med i fire år.

Frå kva alder definerast ein person som «gamal»?

– Når du er mellom 50 og 60 år byrjar du å bli gamal.

Kva vil du bli?

– Kva som helst for eg har faktisk ingen aning akkurat nå. Eg kjem nok til å gå allmennfag etter ungdomsskulen, og bestemme meg for kva eg vil bli etter det.

Kva er det beste med å vera ung?

– Å vera frisk og ikkje ha ein øydelagd rygg og kropp. Og sjølvsagt er det godt å sleppe unna ein del ansvar som dei vaksne har.

Kva er det verste med å vera ung?

– At vi treng dei vaksne til å hjelpe oss med alt.

Kva engasjerer deg?

– Trekkspel. Det betyr mykje for meg, sjølv om det var berre tilfeldig at eg starta. Det var ledige plassar i kulturskulen, og da sa bestemor at eg skulle søkje.

Blir du verande i Skjåk?

– Eg flyttar nok frå Skjåk. Det er meir å utforske på ein større plass. Eg vil til Oslo eller ein annan storby. Skjåk er nok ein plass som er litt for liten for meg.

Kva er favorittappen på mobiltelefonen din?

– Netflix. Eg ser mykje på film. Det er komedie som er favorittsjangeren min. Og litt drama.

Kva forhold har du til Facebook?

– Eg brukar ikkje Facebook mykje. Eg legg ut ting berre når det skjer noko spesielt. Eg er forresten ikkje så ofte på Facebook heller, og kunne nok ha greidd meg utan.

Om du fekk vera ordførar i Skjåk ei veke, kva ville du gjere da?

– Sett i gang eit prosjekt for å byggje gangbru mellom Bismo og Lundagrenda. Det saknar eg. Eg veit at det har vore tema blant politikarane, men at dei ikkje får det til. Det er vel fordi dei er blakke. Nå har dei jo brukt 100 millionar på ein skule.

Heilt ærleg, kva tykkjer du om Skjåk?

– At det er ein bra og trygg plass å bu i oppveksten.

Korleis er dagens ungdom samanlikna med ungdomstida til foreldra dine?

– Foreldre seier at dei aldri har gjort noko tull og fanteri, men det trur eg ikkje noko på. Foreldra var ikkje betre som ungdom enn det vi er.

Kva er din største draum?

– Å bli ein proff syklist. Men det skal til mykje trening, og da treng eg ei sykkelbane i Skjåk.

Kor ofte sjekkar du mobiltelefonen?

– Det blir ein del gongar om dagen. Kanskje litt for ofte.

Om du vann 1 million kroner. Kva ville du bruke pengane på?

– Da ville eg ha laga meg ei sykkelbane heime. Det hadde vore tøft! Eg hadde nok fått ei bra sykkelbane for 1 million.

Tre ord om deg sjølv?

– Spesiell, musikalsk og aktiv.

Kva gjer du om 10 år?

– Da er eg nok ferdig utdanna og bur og jobbar i Oslo.

Kva er det viktigaste i livet?

– Familien.

Gler du deg til å byrje på skulen att?

– Ja, det gjer eg. Sidan eg tek til på ungdomsskulen, blir det nye lærarar og nye fag. Og større klasse. Men eg er utruleg spent. Eg er spent på om eg kjem til å trivast, men det trur eg faktisk at eg gjer.