Sidan 2010 har landets fylkeskommunar og Gjensidigestiftelsen med fagleg støtte frå mellom anna Friluftsrådenes Landsforbund, DNT og Miljødirektoratet, samarbeidd om å merke turmar der folk bur og ferdast.

Gjennom å gjeva støtte til turlag, foreiningar og organisasjonar er det merka nesten 1.100 turruter med ei samla lengd på 40.000 kilometer.

Nå skal dei beste av desse kårast, ved hjelp av dei som går turane, eller folk elles.

I Ottadalen er det to kandidatar; Storhovda i Vågå og Lomseggen i Lom. Dei har i skrivande stund høvesvis 3 og 145 stemmer. Det er dermed langt opp til den leiande turen, som nå har nær 2.000 stemmer.

Ved å gå inn på turrute.no kan ein stemme fram sin favoritt.