av Svein Halvor Moe

- Akkurat da trudde eg at eg hadde tapt, men hadde eg gjort det hadde det ikkje vore så farleg det heller - når ein skyt om slike titlar, smilte 33-åringen frå øyre til øyre.

Giftemål?

Da hadde han fått seierspokalar, bøtter og spann, med forsvarsminister Frank Bakke-Jensen i spissen.

Tor Gaute slo Jan Kåre Moland frå Drangedal i den spennande omskytinga og etterpå vanka det eit skikkeleg seierskyss frå kjæresten Anita Jære frå Rennebu.

Både NRK og andre spøkte med at det nå blir giftemål. Tidlegare skyttarkonge, og nå ordførar i Nordre Land, Ola Tore Dokken, tilbaud tenestene sine da han gratulerte Jøingsli.

- Du får hugse på at eg som ordførar har vigselsrett, smilte den tidlegare skyttarkongen.

Inga feiring

Nokor feiring kunne det ikkje bli onsdag kveld, for allereie torsdag står det både lagskyting og samlagsskyting på Tor Gaute Jøingslis dagsorden.

- Det blir ikkje rom for feiring i kveld nei, sa Jøingsli ved 22-tida onsdag kveld.