På Nrk1, klokka 1930 onsdag:

– Eg var så nervøs at eg sleit med å fokusere på arbeidsoppgåvene mine. Det var faktisk mykje verre enn eg trudde det skulle bli. Sjølv om eg på førehand var førebudd på at det kunne bli vanskeleg å styre spenningsnivået, sa Teigen etter at ho hadde gjort unna sin aller fyrste LS-finale på bane i karrieren.

Det behøver ikkje bli den siste ettersom ho berre er 19 år gamal og bør ha dei beste åra som skyttar føre seg. Randi Marit har hatt ei fin utviklingskurve etter at ho som ung rekrutt fatta interesse. Tenåringsjenta braut ein barriere da ho for eitt år sidan leverte ei god innleiande feltrunde og fekk finaleplass.

Hadde lyst på fleire

Randi Marit Teigen er ærleg på at den flotte innsatsen feltinnsatsen i Førde gav meirsmak. Det skulle syne seg at ho eitt år etter dei flotte prestasjonane i Førde, knekte den koda det er å kvalifisere seg for ein banefinale. Randi Marit klinka til med 243 poeng på den innleiande baneskytinga i Stjørdal.

– Eg lyktast dessverre ikkje like godt i finalen som eg gjorde da eg skaut 243 poeng. Eg veit ikkje om det er rett av meg å bruke nervene som unnskyldning. Men eg hadde nesten ikkje energi att da eg skulle starte skytinga. Det hadde samanheng med at eg var så spent og nervøs, sa Teigen.

Godt å bli ferdig

Randi Marits skyting var oppsiktsvekkande med tanke på at ho har trent og konkurrert mykje mindre enn før om åra. Det har fyrst og fremst samanheng med at ho har jobba mykje. På bakgrunn av det tykkjer tenåringsjenta det var overraskande at ho lykkast så bra som ho gjorde.

– Eg hadde ikkje forventa at eg skulle skyte 243 og vera i nærleiken av prinsesselaget. Det er jælma motiverande å tenke på at eg skaut så bra med så lite trening. Det var artigt at eg sette på plass pappa Stig Åge som eg hadde ein liten duell med, sa Randi Marit som likar seg på Landsskyttarstemnet.

Det er som ho seier eit årleg høgdepunkt på skyttarfronten. Randi Marit som også har ei tvillingsyster og ein bror som deltek, trekkjer frem det gode miljøet. Ho ynskjer å få fram at det er veldig bra miljø i det lokale skyttarlaget.