Tor Gaute Jøingsli brukte lang tid på finaleskytinga, og tida var i ferd med å renne ut, men skjåkværen, som representerer Lom og Skjåk skyttarlag, klarte fem innartiarar og 100 poeng. Det var likevel ikkje venta at han skulle klare å gå heilt til topps med det resultatet.

- Eg var spent på vinden og eg låg litt i nedkant og skrudde opp, sa Tor Gaute Jøingsli til Nrk rett etter han var ferdig med skytinga på kongelaget i Stjørdal onsdag kveld. Dette var før han visste at han skulle ut i omskyting. Tor Gaute låg på skive seks under skytinga.

– Dette var brukbart, sa ei svært sindig syster Tove Johanne til «vår eigen» Nrk-reporter Hans Andreas Solbakken under tv-sendinga.

Heile familien var i fokus etter at kong Tor Gaute vart kåra, og det var ein svært tilfreds, men likevel beherska gjeng frå Jøingsli'n som vart intervjua på Nrk etterpå.

Skal ein dømme etter aktiviteten på sosiale media, fylgde dei fleste i Lom og Skjåk med på den svært spennande skytinga.