– Eg er sjokkert over korleis Lom kommune informerer sine gjestar om turstiane i Bøverdalen, skriv moldekaren i eit brev til kommunen.

Han syner til eit kart han fekk utdelt på ei turistbedrift og som òg låg ute på heimesida til kommunen.

«Alle rutene er godt merka og går i eit venleg fjellterreng», står det om den aktuelle ruta dei besøkande ville gå.

Det skulle syne seg å ikkje stemme, for paret gjekk seg både bort og hadde fleire fall.

Stien var både umerka, bratt og til tider uframkomeleg, meinte dei.

– Dette tener ikkje Lom kommune til ære. Det er faktisk ein skandale at kommunen er så totalt lykegyldig til informasjon av denne karakter, skriv den besøkande.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø beklagar opplevingane paret hadde i Bøverdalen, og syner til eit turskiltprosjekt som ikkje vart gjennomført i Bøverdalen.

Han skriv òg at informasjonen på heimesida til kommunen nå er oppdatert når det gjeld det gjeldande turkartet som er frå 2010.