Trond har ikkje berre delteke. Lom og Skjåk-skyttaren har også gjort det bra. Den joviale veteranskyttaren har ikkje tal på kor mange beger og andre premiar han har raska til seg på LS. Jøingsli er heller ikkje så lysta på å prate om det. Han er meir oppteken av å fortelja kor kjekt det er å vera på LS som er det desidert største og mest prestisjefylte skyttarstemnet i landet.

– For oss som er interessert i skyting så er dette årets høgdepunkt. Det er ikkje så mykje meir å seia om det, sa Jøingsli som har reist landet på kryss og tvers for å vera med på Landsskytterstevnet. Berre ein gong har han mista LS etter at dei fyrste skota vart avfyrt i denne samanhengen. Det var i 1996 da Målselv var arrangør. Det var på ingen måte den 24 timar lange bilturen som skremte han.

Skaut 247 poeng

– Eg har vore i Målselv både før og etter det. Det tek eit døgn å koma seg til Målselv og Indre Troms dersom du køyrer kontinuerleg, sa Trond som ikkje brukar å gjera det. For han er LS like mykje ferie som det er konkurranse. Sjølv om han veldig gjerne vil hente fram sitt beste når han gjer seg klar på de ulike baneskytingane. Slik var det også i Stjørdal i helga.

Trond Jøingsli hadde grunn til å ha forventningar ettersom han varta opp med 248 poeng i eit norgescupstemne tidlegare i veka. Det var forhåpentlegvis ein indikasjon på at han nok ein gang hadde klart å prikke inn toppformen.

Kan revansjere seg

Eit av dei lokale håpa lykkast ikkje like bra under baneskytinga. V 55-skyttaren skaut 239 poeng og vil med det sannsynlegvis vera eit godt stykke unna finaleplass. Han måtte nok ha vore eit godt stykke opp på 240-talet for å ha forhåpningar om å få skyte banefinalen seinare i veka.

Den mangeårige klasseskyttaren hang ikkje med hovudet sjølv om det gjekk skeis under baneskytinga. Det byr seg moglegheit for å rette opp inntrykket på feltskytinga. Der har han varta opp med mange bra resultat opp gjennom åra. Trond Jøingsli er ein skyttar som meistrar både felt og bane. Det kan konkurrentane koma til å få merke på den flotte LS-arenaen i Stjørdal.