Det var klokka 02.04 natt til sundag at politiet vart varsla om ei hending inne på festivalområdet på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Bismo.

Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken opplyst at to personar byrja å kverulere, og at situasjonen eskalerte.

– Den eine personen dytta den andre personen, og politiet måtte gripe inn for å roe ned situasjonen. Mannen som dytta var aggressiv og aksepterte ikkje pålegget om bortvising. Han vart difor køyrd heim av politiet, seier operasjonsleiar Sissel Svarstad.

Ho fortel at mannen som er i 20-åra og frå distriktet vart anmeldt, og at han kan vente seg eit oppgjer for oppførselen sin.