Politiet fekk sundag klokka 15.14 melding om ei utforkøyring på Fv55 Sognefjellsvegen.

Ein motorsyklist køyrde av vegen i Vesllihaugsvingen, om lag tre kilometer vest for Elvesæter i Bøverdalen i Lom kommune.

Operasjonssleiar i Innlandet politidistrikt, Atle B. von Obstfelder, seier at motorsyklisten er stadfesta omkome.

– Helse jobba med føraren ei stund på staden, men livet stod dessverre ikkje til å redde, seier operasjonsleiaren til Fjuken ved 16.30-tida sundag.

Den omkomne var i fylgje politiet ein brasilianar.

Motorsyklisten var i eit fylgje med 20 andre motorsyklar. Frå operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt blir det sundag ettermiddag opplyst at motorsykkelen som var involvert i ulykka låg bakarst i fylgjet. I ein høgresving køyrde føraren forbi ein annan motorsykkel medan det kom eit køyrety imot.

Motorsyklisten køyrde ut for å unngå kollisjon med motgåande køyrety.