Landsfestivalen i gammaldansmusikk:

«Lendmenn» spelte seg heilt til topps for andre år på rad

I år som i fjor vart den lokale gruppa «Lendmenn» kåra til Noregs beste gamaldansgruppe under Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Vinnarar: Gruppa «Lendmenn» med Bjørn Kåre Bråten Odde, Steinar Odde, Øyvind Sandum, Bjarne Odde og Mads Erik Odde, spelte seg heilt til topps på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Her frå Meisterkonserten sundag.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det var under Meisterkonserten i ein fullsett Skjåkhall sundag at vinnarane i dei ulike tevlingsklassene vart kunngjort.

Klassa det er knytt høgast spenning til kvart år under Landsfestivalen i gammaldansmusikk er utan tvil klassa gruppespel. Etter både kvalifisering og finalespel stod dei to gruppene «Dølalæte» og «Lendmenn» att til slutt.