Tormod Weydahl frå Ottadalen Sykkelklubb kan stadig skilte med solide plasseringar i sykkelritta han deltek i rundt om. Seinast nå i sommar vart 18-åringen nummer tre i juniorklassa i rundbane-NM i terrengsykling.

Laurdag sykla vagværen inn til ein andreplass i klassa junior elite, i terrengsykkelrittet «Grenserittet». Han vart dessutan nummer ti samanlagt i det prestisjetunge rittet som går mellom Strömstad i Sverige og Halden i Noreg. Rittet har ei distanse på 80 kilometer.

Det var flotte forhold under sykkelrittet, og sjølv om det var trongt på oppløpet, kjempa Weydahl seg altså til ein andreplass i gruppe 3.

Den ivrige syklisten frå Ottadalen Sykkelklubb fullførte dei åtte mila på 2 timar og 35 minutt. Weydahl var berre 2 sekund bak ryttaren som vann juniorklassa, og berre 2 minutt bak bestetida i årets «Grenseritt».

Av dei 80 kilometrane «Grenserittet» består av, går om lag 16 kilometer av løypa føre seg på asfalt, 53 kilometer på grus og skogsbilvegar, og 11 kilometer på stig og traktorvegar. «Grenserittet» har kvart år fleire tusen deltakarar.