Det var Hovedredningssentralen for Sør-Norge som melde om at ein finsk klatrar sat fast ved Munken/ Leirungsbreen i Jotunheimen ved 15-tida laurdag ettermiddag.

Luftambulansen på Dombås vart kalla ut for å prøve å hente ut personen.

Hovedredningssentralen melde også at alpin redningsgruppe frå Lom var på veg til staden i tilfelle det skulle bli behov for ytterlegare bistand.

Ved 16.30-tida opplyser Hovedredningssentralen at klatraren er henta ut av fjellet, og at han er i god behald.