– Eg visste at det kom til å bli mykje folk, men eg må vera ærleg med deg og seie at det vart fleire gjestar enn det vi hadde sett for oss. Men til artigare er det. Eg er overveldande tilfreds, både over besøk og med dei friviljuge. Eg får berre positive attendemeldingar frå både gjestar og arbeidsfolk. Folk trivst godt på festivalen, og det gjer eg òg.

Slik oppsummerer festivalleiar Randi Rust Landsfestivalen i gammaldansmusikk så langt, når vi pratar med ho på festivalarenaen laurdag føremiddag.

– Det er tydeleg at miljøet set pris på oss som arrangør, seier Rust.

Nestleiar i hovudkomiteen og økonomisjef Karen Melhus Dahl vil anslå at det er seld mellom 1.400 og 1.500 gjennomgangsbillettar til festivalen i Bismo.

– Den endelege oversikta får vi ikkje før tidlegast sundag ettermiddag når vi skriv ut sluttrapporten, og dette er altså berre eit anslag, understrekar Karen Melhus Dahl.

I tillegg til gjennomgangsbillettane kjem alle dagsbillettane, som også er mange i talet. Økonomisjefen tør ikkje kome med noko anslag her.

På festivalcampingen på Mogardsjordet er det godt og vel 300 einingar.

At det er svært mykje folk på Landsfestivalen er det ingen tvil om. Det nær sagt kokte på alle dei tre dansegolva fredag kveld. Det var stinn brakke på festivalarenaen.

Festivalleiar Randi Rust ventar minst like mykje folk laurdagskvelden.

– Seint laurdag er det finale i gruppespel, og det brukar erfaringsvis å samle utruleg mykje folk, seier ho.

I tillegg er det som det har vore dei andre kveldane dansespel. Når Landsfestivalen er slutt, har mellom 60 og 70 grupper spelt til dans på dei tre scenene om kveldane og utover nettene.

Sjølv om Landsfestivalen i gammaldansmusikk har fleire tusen besøkande, har det frå politiet si side gått svært roleg for seg i Bismo. Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt hadde dei frå loggen per laurdag føremiddag ingenting å rapportere av hendingar frå festivalen.

Med stort og smått er bortimot 400 friviljuge aktive gjennom Landsfestivalen i Skjåk.

Laurdag vart det tevla i mellom anna gruppespel. Her er den lokale gruppa Lendmenn under kvalifiseringa. Foto: Tom Erik Solstad