Det var svært god stemning i lavvoen på festivalarenaen fredag ettermiddag, da det vart arrangert ein minifestival og juniorbuskspel.

Her fekk dei yngste festivaldeltakarane fritt spelerom til å synge, danse og spele saman med andre. Mange våga seg frampå scena i lavvoen, og alle hausta stor applaus for det dei framførte. Her var det mange som imponerte stort.

Laurdag ettermiddag blir det arrangert «Sjokoladefestival» i Skjåkhallen. Her er det berre dei yngste som får delta, og alle som deltek blir premiert med diplom og sjokolade.

Fleire av dei som deltok på minifestivalen i lavvoen fredag, såg på denne opptreden som ei oppvarming og øving til laurdagens «Sjokoladefestival».

Landsfestivalen i gammaldansmusikk går sin gang i Bismo, med god stemning og bra deltaking.

Fredag føre- og ettermiddag var det tevlingar i lagspel, lagdans og pardans.

HER kan du sjå resultat og finalistar etter tevlingane fredag

Laurdag skal det tevlast i gruppespel og samspel. Da er det også finale for lag durspel/trekkspel, pardans, samspel og gruppespel.