AV SVEIN HALVOR MOE

– Eg føler med jentene som spelte ein god kamp og hadde fortent å avansere til åttandedelsfinale. Det er tyngre å akseptere eit tap når det er så tett og jamt som det som var tilfellet her. I andre kamp på rad vart det ekstraomgangar. Denne gongen var det dessverre motstandaren som sette inn det avgjerande målet og kunne juble for vidare avansement, sa Øyvind Moe som er med i trenarteamet til J15-laget.

Trenarane måtte trøyste som best dei kunne da tapet for Ekholt var eit faktum. Eit bra lag frå Østfold som hadde meir enn nok med å demme opp for raske jenter frå Lom som var på jakt etter vidare avansement. Dei hadde lyst til å kome lengre enn i fjor, da det vart 1-4-tap i kvartfinalen.

2003-modellane som har jenter både frå Lom, Vågå og Skjåk i troppen, visste at det var mogleg dersom dei mobiliserte og samstundes hadde marginane med seg i storturneringa.

Det var nettopp manglande marginar som felte Lom i den siste kampen. To flotte skåringar av Ingrid Sandviken var ikkje nok til at det vart kampar på fredag. Landslagsaktuelle Ingrid gav Lom ein kje  mpestart da ho «heada» ballen i mål og sende laget i føringa.

2-1-skåringa var det også kvalitet over. Sandviken dundra ballen i krysset og viste fram nokre av kvalitetane som har ført til at leiinga på J15-landslaget har fatta interesse for ho.

Lom hadde rimelig bra kontroll da Ekholt utlikna til 2-2. Det var også resultatet etter ordinær tid. Dermed måtte det speleforlenging til. Det vart det også da Lom vann 2-1 i 16-delsfinalen. Dei var for øvrig den einaste puljevinnaren i J15-klassa som måtte spele 16-delsfinalen. Den vart spelt berre fire timar før åttandedelsfinalen. Ekholt som kom utkvilte til Ekebergsletta hadde såleis ein mykje betre inngang til kampen enn det lomslaget hadde.