Mari Arnøygard Wedum (34), dagleg leiar i Visit Jotunheimen sidan mai i fjor, ler godt. Ho siktar til eit hav av attraksjonar og aktivitetar i Lom og Jotunheimen.

Sjølvsagt er ho delvis programforplikta til å vera positiv og entusiastisk i rolla som reiselivsleiar, men det er tydeleg at ho meiner det ho seier – og entusiasmen er ekte.

Visit Jotunheimen er i sterk vekst. Det er stadig nye bedrifter som bankar på døra og vil bli medlem. Berre sidan nyttår har reiselivsselskapet fått åtte nye medlemsbedrifter.

– Eg set utruleg stor pris på at bedriftene har lyst til å vera med på laget. Samstundes er eg oppteken av at vi må byggje stein for stein. Eg vil så gjerne følgje opp kvar einaste aksjonær, besøkje dei, lære meir om kva dei kan tilby og finne ut av kva eg kan gjera for å gje dei best mogleg service. Eg ynskjer å vera meir enn ei epost-adresse, men som einaste fulltidstilsette er det krevjande å få tid til alt eg ynskjer å gjera. Eg håpar, på sikt, at vi skal få ressursar til å tilsetja ein person til. Behovet er i alle fall der, det er det ingen tvil om. Det kunne vore godt å ein gong i blant reise heim att frå arbeid og føle at eg fekk gjort alt eg skulle den dagen. Gjerne ta heilt fri nokre dagar, men det går ikkje det, ser du.

Mari Arnøygard Wedum er ikkje muggen og negativ når ho seier dette. Ho smiler og slår fast at ho likar tempo, fart og spenning – og at ho likar travle dagar.

– Kvifor er det så mange turistar som finn vegen til Lom? Kan du trekkje fram noko «alle» vil sjå?

– Dei fleste tenkjer det er Galdhøpiggen, Lomskyrkja, Norsk Fjellsenter, Fossheim steinsenter, fjellhyttene, skisenteret, aktivitetstilboda, all den gode maten, byggjeskikken, kulturen - og alt eg har ramsa opp nå er sjølvsagt rett. Men det er så mykje meir. Nasjonalparkane våre, til dømes. Mange utlendingar trur vi har nasjonalparkar med store portar, billettar og vaktmannskap, slik ein gjerne ser at nasjonalparkar i andre land har. Dei blir svært fortusta når vi fortel at dei berre kan vandre inn i nasjonalparken frå alle kantar, heilt utan murar eller sperringar av noko slag. Allemannsretten, at vi i Noreg kan gå der vi vil og bu i telt over alt, tykkjer mange utlendingar er svært spesielt. Faktisk er det slik at om lag 90 prosent av dei besøkjande har, på førehand, bestemt seg for å besøkje eit verneområde. Nasjonalparkane våre er ei mykje større merkevare for utlendingane enn det dei fleste er klar over. Elles vil eg nå påstå at ein kan oppleva det aller meste i Ottadalen. Eg tenkjer ikkje berre på Besseggen, Galdhøpiggen og andre kjende turmål, men alle dei stuttreiste turane. Frå Lom sentrum, som eit døme – tenk på alle perlene som ligg på rekkje og rad rundt sentrum. Tronoddberget og ikkje minst Lomseggen. Lomseggen er fantastisk! Dersom eg hadde budd i Lom som turist, hadde eg stått opp tidleg og kome meg opp i høgda før frukost. Og etterpå hadde eg hoppa i elva.

Mari Arnøygard Wedum ler godt og ristar litt på hovudet av seg sjølv.

– Det verste er at du truleg hadde gjort det?

– Eg hadde nok det.

Visit Jotunheimen har nyleg lansert ny heimeside. Eit stort og spennande prosjekt, meiner Mari, som elles er oppteken av å ta i bruk Facebook på ein måte som kan gjera det enklare for aksjonærane å kommunisere seg i mellom.

– Eg har laga ei lukka gruppe for aksjonærane der dei kan skrive til kvarandre. Ikkje sant: Om sommeren er det skrekkeleg travelt. Dersom ei overnattingsbedrift er fullbooka og det kjem fleire turistar som ber om overnatting, er det vanskeleg å finne tid til å ringe rundt for å høyre om andre har plass. Men å skrive eit par ord på facebook – det går fort. «Er det andre som har ledig plass?». Da kan ein sende turistane akkurat dit. Eg tykkjer det er ein god idé, og eg håpar den sida blir brukt flittig i sommar.

– Kva råd har du til bedrifter som ynskjer å få besøksauke?

– Det er å heile tida kommunisere med folk, prøve å vera personleg, by litt på seg sjølv. Tør å filme litt, syn fram det du kan by på på fleire ulike måtar, ikkje berre plakatar eller «det vanlege». Da får ein spreidd bodskapen.

Turisttrafikken i Lom er stadig aukande. Veksten er høgare enn landsgjennomsnittet. I 2017 hadde Lom oppgangsauke i overnatting på 4,8 prosent sett i høve til året før, i alt nærare 200.000 overnattingar.

– Tenk at ein kan gå på fjelltur rett frå sentrum, med ei så utruleg flott utsikt! Er ikkje det fantastisk, så veit ikkje eg! seier Mari Arnøygard Wedum, som her sit på kvilarsteinen på tur opp mot Lomseggen. – Kvilarsteinen, det er på ein måte Lom sitt svar på Trolltunga, vi bør få løfta han fram litt, tykkjer Mari. Foto: Live A. Sulheim
– 90 prosent av turistane som kjem til området vårt har bestemt seg, på førehand, for å besøkje eit verneområde, fortel Mari Wedum. Foto: Sven-Erik Knoff