AV SVEIN HALVOR MOE

Det var stor jubel da dei kvit- og blåkledde hamla opp med Sørumsand og gjekk vidare.

– Vi er svært nøgde med at vi slår Sørumsand og får moglegheita til å spele på torsdag. Det er bonus for oss, sa Svein Marstein da fløyta hadde gått for full tid, og avansementet var sikra.

Stemninga var upåklageleg hos laget som har spelarar frå tre ulike bygder. Det måtte til da Lom bestemde seg for å stille elvarlag. I serien er det ikkje nokon niarfotball som det er i seriespelet.

– Denne gongen har vi med oss tre gjestespelarar frå Vågå på eit lag der det frå før er fire jenter frå Skjåk. Dei vart ein del av treningsgruppa vår i fjor. Jentene frå Skjåk har vore flotte tilvekstar både på og utanfor banen. Eg har også lyst til å trekkje fram dei tre frå Vågå som er sporty og stiller opp, sa Marstein.

Det er han og Andre Sørhage som har det sportslege ansvaret for 2004-årgangen.

Det er også ein bra årgang i Lom-målestokk sjølv om dei ikkje held like høgt nivå som jentene som er året eldre. Dei kom heilt til kvartfinalen i J14-klassa for eit år sidan.

Lom møtte eit islandsk lag i den fyrste kampen. Trenarane legg ikkje skjul på at dei fikk seg ein leksjon da Haukar sto på motsett banehalvdel. I kamp to vart det 2-2 mot Fossum.

Nina Sveine sette inn båe skåringane. Den målfarlege tenåringen var også ein konstant trussel da det vart 3-4-tap for Oppdal i kamp nummer tre. Lomstrenarane var ikkje heilt tilfredse med dømminga i dette oppgjeret. Dei meinte at tre av fire Oppdal-mål burde ha vore avblåst for offside. Oppdalstrenarane var også einige i at det var nokre av måla som var av det tvilsame slaget i den siste kampen i gruppespelet. Det hadde vorte andreplass i pulja dersom to eller tre av skåringane hadde vorte annullert.

– Vi vart etter kampslutt einige om at vi ikkje skulle bruke energi på dette. Fokuset var å gjere ein best mogleg figur i B-sluttspelet. Det at vi vinn vår fyrste kamp og sørgjer for at det også blir speling på torsdag, er ein stor opptur både for jentene og støtteapparatet. Sigeren mot Sørumsand kom etter ein god prestasjon, sa trenarane.

Dei er nøgde uansett korleis det går i fortsettinga med lomslaget, som i Norway Cup har bevist at dei kan spele god fotball.

Vi tek også med at Lom sitt J15-lag så langt har vore utilnærmelege i Norway Cup. Både sundag, måndag og tysdag vart det sigrar med klar margin. Torsdag spelar laget sin fyrste sluttspelkamp.