–Dette er ein tanke vi har hatt lenge, men det er ikkje før nå at det vart alvor av det, seier Geir Byre, éin av dei seks medlemane i gamaldansgruppa i Skjåk.

Kan hende er det nok akkurat difor den nye CD-plata til Ramstadstråndingein har fått tittelen «Bære seint einn æilder».

Ramstadstråndingein starta opp i 1986, og har med små utskiftingar i gruppa vore aktive som dansespelmenn sidan. Tradisjonell gamaldans står i høgsetet, men gruppa har også tradisjon for meir varierte rytmar.

Den heilt ferske CD-en til gruppa inneheld 14 spor, og Geir Byre fortel at seks av dei er eigenkomponerte, og at resten er inspirert av andre.

– Arnstein Fjerdingren skal ha ein stor takk for å ha bidrege med å hente inn «leikje» til plata, seier Byre.

Ramstadstråndingein si plate er spelt inn i Skjåk Musikk- og Lydstudio ved Stein Arne Melby. Lydmakeriet ved Terje G. Hong har stått for miksinga. Dette er Ramstadstråndingein sin fjerde CD-produksjon.

Geir Byre fortel at gruppa er godt nøgde med den nye plata, som kjem 18 år etter førre produksjon.

– Det er skikkeleg skjåkpreg over denne plata. Og mykje av musikken er ukjent stoff for mange, så dei fleste vil nok få nye lyttaropplevingar, reklamerer Byre.

Fredag kveld blir det lanseringskonsert og sal av den nye CD-plata i matteltet, under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Bismo. Geir Byre og dei andre medlemane i Ramstadstråndingein håpar mange tek turen for å få ein smakebit, og for å kjøpe den ferske plata.

«Bære seint einn æilder» er trykt opp i 500 eksemplar.